Olaf Josef Johansen () var ein norsk bryggje- og transportarbeidar og politikar frå Oslo. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1925 til 1945.

Olaf Johansen var son til ein italienskfødd gipsmakar i hovudstaden. Sjølv reiste han i 1893 til Slesvig i Tyskland, der han arbeidde på gardsbruk og ulike anlegg til 1898. Seinare arbeidde han på bryggjene i hovudstaden, åra 1912-14 var han formann i Kristiania yngre Bryggearbeideres Forening.

Johansen var mykje aktiv i fagrørsla, mellom anna i sju år medlem av forretningsutvalet og hovusdtyret i Norsk Transportarbeiderforbund. Med si erfaring frå forhandlingar var han i åra 1938-40 med i fleire valdgiftsrettar etter fastlåste arbeidstvistar. I tida 1929-31 var han styreformann for Drosjebilsentralen i Oslo, og medlem i Trafikkutvalet i Oslo. Han var elles i eit par periodar medlem i bystyret i hovudstaden.

Hausten 1924 vart Johansen vald til stortingsmann frå Oslo og for Arbeidarpartiet. Gjennom stendige attval vart han verande på Stortinget i tida frå 1925 til 1945. På Tinget var han 1925-30 medlem i Lønningskomiteen. Sidan hadde han plass i Administrasjonskomiteen, og var nestformann i komiteen frå 1934.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Oslo Kategori:Ap-politikarar i Oslo Kategori:Folk frå Oslo