Jaroslav I (), kalla Jaroslav den kloke (ukrainsk: Ярослав, kristennamn Georg, norrønt Jarizleifr) var storfyrste av Kievriket frå 1019 til 1054. Han var son av Vladimir I og Rogneda av Polotsk (nokre kjelder seier Anna av Bysants).
Etter at faren døydde i 1015 kjempa Jaroslav lenge mot brør sine om trona, og søkte støtte i Sverige. Med hjelp frå væringane erobra han Kiev i 1019. Under hans styre blomstra kyrkja, kulturen og den militære makta markant. Under Jaroslav vart den første lovboka for riket utgjeven, Russkaja pravda.Jaroslav 1. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 17. februar 2017.
Jaroslav var gift med den svenske prinsessa Ingegjerd Olofsdatter. Ho var opphavleg lova bort til Olav den heilage.Olav den helliges saga, kap. 80, 92-93 På sine eldre dagar gjekk ho i kloster, og vart helgenkåra som den heilage Anna av Novgorod. Jaroslav og Ingegerd var vertskap for Olav den heilage og følgjet hans då dei drog i eksil til Gardarike (Kievriket) før Olav vende tilbake til Noreg og fall i Slaget på Stiklestad..Olav den helliges saga, kap. 181
Dottera, Elisaveta Jaroslavna, eller Ellisiv av Kiev som ho vert kalla i norsk tradisjon, vart gift med kong Harald Hardråde.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Jaroslav I av Kiev» frå , den 16. april 2017.
Kategori:Storfyrstar i Kievriket