thumb|Bruk av en termobarisk bombe mot krigsskipet USS McNulty fra US Navy som ledd i ei militærøving. Termobarisk bombe eller aerosolbombe, òg kalla FAE-bombe (frå engelsk fuel-air explosive) er ei sprenglading der eit brennstoff vert spreidd som aerosol i lufta. Brennstoffet tek deretter fyr og reagerer med surstoffet i lufta. Bomba gjer seg soleis nytte av oksygenet i lufta og skil seg dermed frå konvensjonelt sprengstoff som sjølv inneheld oksygen. Termobariske bomber har difor eit høgare energiinnhald per masse-einiing enn vanlege bomber. Termobariske våpen gjev ei kraftig trykkbølge, men få eller ingen fragment (splintar).

Ei termobarisk bombe inneheld normalt to sprengladingar; fyrst ei mindre, som spreier brenselet i lufta, deretter ei ny lading som tenner dette brennstoffet.

Utvikling Dei fyrste forsøka med sprengning av slike bomber vart gjorde under andre verdskrig i 1944 av Tyskland under leiing av Mario Zippermayr. Under dei tyske prøvesprengningane var kolpulver nytta, blanda med flytande surstoff.Großvaters Vakuumbombe, Frankfurter Allgemeine, 24.9.2007

Bruk Termobariske bomber har mellom anna vore brukt av Russland i Tsjetjsenia på 1990-taletLester W. Grau og Timothy L. Thomas (2000) «Russian Lessons Learned From the Battles For Grozny» og av USA under Irak-krigen og i Afghanistan. Den største nytta av slike bomber er mot mål som personell gøymde inne i fjellhôler, tunnelar og bunkerar utan dører på grunn av forsterka trykkbølge og på grunn av at alt surstoff vert oppbrukt i området.

Sjå òg GBU-43/B Klasebombe Molotovcocktail

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Termobarisk bombe» frå , den 22. april 2017.

Bakgrunnsstoff Fuel/Air Explosive (FAE) Thermobaric Explosive (Global Security) Thermobaric warhead for RPG-7 XM1060 40 mm Thermobaric Grenade (Global Security) Defense Update: Fuel-Air Explosive Mine Clearing System Russia claims to have tested the most powerful "Vacuum" weapon

Kategori:Bomber