69. festningsbrigade (russisk отдельная бригада прикрытия, 69. otdelnaja brigada prikritija) er ein brigade underlagt 35. kombinerte armé i den russiske hæren. Han er forlagt til Babstovo i Den jødiske autonome oblasten.

Namn Eit av namna er, 69-я отдельная Свирско-Померанская Краснознамённая, ордена Красной звезды Амурская казачья бригада прикрытия. «69. sjølvstendige Svirsk-Pomeransk Raude Fane med Amur-kosakkane Raude Fane orden fortifiserte brigade», er ein fri omsetting til nynorsk.

Historie

Avdelinga vart opphavleg oppsett i under andre verdskrigen i 1941 som 272. infanteridivisjon i Leningrad oblast. I 1989 vart divisjonen flytta til Den jødiske autonome oblasten og konvertert til 128. sovjetiske maskingevær-artilleridivisjon. Etter fleire reorganiseringar og namnebyte, fekk avdelinga i 2009 nemninga 69. otdelnaja brigada prikritija, med tilhøyrande æresnamn.

Organisering Eit regiment kalla istrebiltelno-protivotankovyj artilleriskij polk ('skyttar-panservern-artilleri-regiment') er del av brigaden. Bataljonane har skarpskyttar-tropp, etterretningstropp og panserverntropp. Det finst òg ein ingeniørbataljon og ein rakettkastar-bataljon i brigaden. Вадим Львов. Оперативное вмешательство. Side ?.

Mobilitet i felt På nettstaden Quora (i 2016) skreiv ein brukar at to av dei fire bataljonene (i brigaden) har (eigne) lastebilar, og brukaren skreiv vidare at brigaden er "partially converted to mobile unit".

Utstyr og våpen Brigaden er uvanleg samansett med MT-LBV, mitraljøser av den gamle typen KPVT, men òg nokre nye Psj-30V. Panserverntroppene har panservern-missilet Kornet. Rakettkastarbataljonen har rakettkastaren Prima.

Referansar

Kategori:Manøverbrigadar i Russland