mini|Suite espanola op. 47 - leyenda av Isaac Albeniz på gitar. Isaac Albéniz () var ein spansk pianist og komponist. Han er også kjend for å ha samla inn spansk folkemusikk. Albéniz gav mellom anna ut klaversuiten Iberia og 12 spanske dansar.

Biografi Albéniz var eit vedunderbarn som først opptredde på klaver som fireåring. Som sjuåring søkte han om åtgang ved Conservatoire de Paris, men blei sett på som for ung. Året etter flytta familien til Madrid, der han kunne få utdanning ved den statlege musikkhøgskulen.

16 år gammal fekk han åtgang ved musikkhøgskolen i Leipzig og deretter også i Brussel. I Brussel vann han ein førstepris som pianist, men han ville for kvar ein pris studera med Franz Liszt, og flytta til Budapest for å oppfylla draumen.

Albéniz vende tilbake til Spania og Barcelona i 1883, der han samarbeidde med Felipe Pedrell. Han flytta til London for ei tid i 1890 før han slo seg ned i Paris i 1893. Her blei han kjend med folk som Claude Debussy, Paul Dukas, Gabriel Fauré og Vincent d’Indy. 1893 var også året han hadde sin siste offentlege opptreden, deretter vigde han seg heilt til komposisjon.

Han fekk ei professorstilling ved Schola Cantorum i Paris. Mot slutten av livet flytta han til Nizza (Nice), der han skreiv nokre av dei viktigaste komposisjonane sine.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isaac Albéniz» frå , den 18. mai 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Spanske komponistar Kategori:Spansk musikk