Dominicus Nagell Lemvig Brun () var ein norsk offiser, gardbrukar og stortingsmann, fødd i Åfjord i Sør-Trøndelag.
Brun var son til ein offiser. Han gjekk sjølv den militære vegen og vart offiser i 1808. Frå 1812 var han premierløytnant ved det romsdalske musketerkorps, og frå 1816 også gardbrukar i Surnadal på Nordmøre. Sidan vart han i 1832 kaptein og sjef for det sundalske kompani, 1848-57 oberstløytnant og sjef for trondhjemske nasjonale jegerkorps. Han budde i Trondheim frå 1852 og i Strinda frå 1857.
Brun var forlikskommissær 1834-52 i Surnadal og den fyrste ordføraren i heradet frå 1838 til han flytta i 1852. I Trondheim var han medlem i bystyret.
Brun var stortingsrepresentant frå Romsdals amt i tida 1845-51. Han var i 1845 og 1848 medlem i Justiskomite nr 1, medan han i 1851 hadde plass i Militærkomite nr 2 og Jarnbanekomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Ordførarar i Surnadal Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Åfjord