Lyder Wentzel Nicolaysen () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen. Han var far til Nicolay Nicolaysen.
Nicolaysen var son til ein kjøpmann og var sjølv kjøpmann i heimbyen frå 1818. I tida 1836-54 var han medeigar i firmaet N. Nicolaysen & Co. og børskommissær.
Nicolaysen møtte på Stortinget både i 1830, 1839 og 1845 som vald representant frå Bergen. Dessutan deltok han på Stortinget 1836 og Omframtstortinget 1836-37 som fyrste varamann. Han var medlem 1830 og 1836 i Bankkomiteen. Elles var han i 1830 medlem av «komiteen om de finmarkske forhold», 1836 sekretær i komiteen om brannvesenet i byane og medlem av Gasjekomiteen og i komiteen om flagget. På stortinga 1839 og 1845 hadde han plass i Budsjettkomiteen.
Nicolaysen var frå 1838 med i det fyrste bystyret i Bergen, og vart verande bystyremedlem til 1847. Frå 1842 var han styremedlem i Noregs Bank si Bergens-avdeling i 28 år. I 1843 var han medlem i ein departemental komite som såg på vrakarvesenet.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Folk frå Bergen