Andreas Melchior Glückstad Wiel () var ein norsk forretningsmann, næringsdrivar og stortingsmann frå Fredrikshald.

Wiel var son til den dominerande handelsmannen i heimbyen. Sjølv arbeidde han to år på kontoret til ein svoger i Trondheim, og deretter fleire år utanlands hos ulike forretningsmenn. Då han kom tilbake til Fredrikshald vart han eigar av sagbruk og byrja med trelasthandel. Saman med fleire av dei store kaksane i trelasthandelen i Noreg, stifta han Saugbrugsforeningen og var frå 1860 den fyrste disponenten i selskapet. Denne stillinga hadde han i 25 år. Saman med broren Truels Wiel dreiv han Wiels bruk, og arva sidan store skogeigedomar. Han var medeigar i Haldens tændstikfabrik, Haldens ølbryggeri, Haldens bomullsveveri og spinneri og Fredrikshalds meieribolag. Og fram til 1899 var han den fyrste administrerande direktøren i Dalslandsbanen.

Wiel var medlem av bystyret i Fredrikshald frå 1855 og ordførar 1863, 1877-78. Til stortinga 1859-60, 1865-66 og 1868-69 møtte han som representant frå Fredrikshald. På Stortinget var han medlem 1859-60 i Protokollkomiteen, 1862-63 i Protokollkomiteen og Traktatkomiteen, samt sekretær 1868-69 i Bankkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Folk frå Halden Kategori:Ordførarar i Halden