mini|Aktiverte mikroglia frå rottehjerne Mikroglia er gliaseller som verkar som makrofagar i hjernen og er ein del av immunsystemet der. Mikroglia finst i kvilande og aktiverte stoder.
Mikroglia kan aktiverast ved uynskte tilstandar i sentralnervesystemet, som skade. Når dei er aktiverte, kan dei sleppa ut ulike molekyl og vandra til problemstader. I den aktiverte stoda kan dei òg verka som makrofagar og eta andre seller, som bakteriar og seller som høyrer til i sentralnervesystemet. Dei kan òg fanga inn ulike molekyl og avfall. Kvilande mikroglia kan òg vandra kring og leita i omgjevnadene etter vanskar, og vert aktiverte om dei finn nokre.
Mikroglia kan ha oppstått tidleg i utviklinga, og finst i so ulike organismar som pattedyr, igler, sniglar og krepsdyr. I blodigla finst kring 10 000 mikroglia og 400 nerveseller i kvar ganglie, slik at mikroglia er mykje meir talrike enn nerveseller i denne organismen.
I ein studie av mus med ein demyeliniserande variant av eksperimentell autoimmun encefalomyelitt vart det funne at mikrogliasellene i demyeliniserte område ikkje såg ut til å ta aktivt del i demyeliniseringa ved byrjinga av sjukdomen, men berre tok opp avfall produsert av demyeliniserande monocyttavleidde makrofagar. Mikrogliasellene i desse områda hadde òg nedregulert stoffskifte.
Kjelder
Kategori:Makrofagar Kategori:Gliaceller