Julius Bastian Olsen, ofte kalla Jul. B. Olsen, () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var stortingsrepresentant innvald for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark frå 1928 til 1936. Han var òg ordførar i Narvik 1914-21, varaordfører i 1922, og ordførar att i 1923-27.
Olsen byrja i smedlære i Hammerfest i 1890, men drog i 1893 til Bergen, der han arbeidde ved mekaniske verkstader og tok eksamen som maskinist i 1897. I 1903 flytta han til Narvik, der han var smed og maskinarbeidar ved Ofotbanen sin verkstad og frå 1921 verkmeister. Han var medlem av Narvik bystyre frå 1908 til han døydde i 1936. I 1926 var han fungerande borgarmeister (rådmann) i Narvik i sju månader.
Stortingskomitear 1928-1930 medlem i Skog- og vassdragskomiteen 1931-1933 medlem i Finans- og tollkomiteen og Skog- og vassdragskomiteen 1934-1936 medlem i Finans- og tollkomiteen og Skog- og vassdragskomiteen
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Julius Bastian Olsen» frå , den 17. juni 2017. oppgav desse kjeldene: Vilhelm Haffner: Stortinget og statsrådet 1915-1945 - Bind 1 Biografiar. Oslo 1949 (s. 559, digitalisert av Nasjonalbiblioteket) Gunnar Ousland: Foregangsmennene. Tida Norsk Forlag, Oslo 1965 (s. 215-220, digitalisert av Nasjonalbiblioteket) Knut Slettbakk: Energi i 85 år. Narvik Energi AS 1998 (s. 27-30, digitalisert av Nasjonalbiblioteket) Biografi hos Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (vitja 14. oktober 2012)
Kategori:Ap-ordførarar i Nordland Kategori:Ordførarar i Narvik Kategori:Folk frå Hammerfest Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap