Proteolipidprotein er eit transmembranprotein som utgjer 17 % eller meir av proteininnhaldet i myelinet i sentralnervesystemet. Det vert koda for av PLP1-genet på X-kromosomet. PLP1-genet vert i hovudsak uttrykt i vaksne oligodendrocyttar, der 10 % av bodberar-RNA-et ved myelinisering er avskrifter av PLP1-genet. Dei to isoformene PLP og DM20 av proteolipidprotein er vanlege i myelinet i sentralnervesystemet. Andre isoformer vert uttrykte i hovudsak i nerveseller i sentralnervesystemet.
Mutasjonar i PLP1-genet valdar Pelizaeus-Merzbacher-sjukdomen.
Homologar av proteolipidprotein finst hjå mange artar, mellom anna hjå haiar og skater. Proteolipidprotein fekk truleg rolla som eit myelinprotein tidleg i utviklinga av ryggradsdyr. Proteolipidproteina M6A og M6B frå husmus har homologar hjå ryggradslause dyr, mellom anna bananfluge.
Kjelder
Kategori:Transmembranprotein