Silje Katrine Waade () er ein norsk handballspelar frå Stjørdal som vart europameister i 2016. Ved utgangen av 2018 har ho bokført 27 landskampar og skåra 19 mål.

Venstrehendte Waade har vore høgre rykkrom-spelar på Byåsen IL sidan 2010. Ho deltok i Ungdoms-VM 2012, der Noreg tok bronse etter siger 36–30 over Romania i bronsefinalen. Sommaren 2014 skadde ho korsbandet, og var på sidelinja i 2014/15-sesongen.

Waade meisterskapsdebuterte og spelte alle kampane på det norske laget som vann Handball-EM 2016 i Sverige. Særleg fekk ho ros for innsatsen i forsvaret. Ho skåra to av måla i finalen mot Nederland.

Merittar Handball-EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland Handball-EM 2018: Nr 5 etter 38-29 mot Sverige

Kjelder Landskampar Denne artikkelen bygger på «Silje Waade» frå , den 21. juni 2017.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Byåsen-spelarar Kategori:Folk frå Stjørdal Kategori:Europameistrar i handball