Edvard Magnus Edvardsen () var ein norsk skomakar og politikar frå Egersund som representerte Rogaland og Arbeidarpartiet på Stortinget i over tolv år.

Edvardsen var son til ein fiskar. Sjølv gjekk han i skomakarlære frå 1925 og arbeidde som skomakar hos firma A. Haugland frå 1928 til 1965.

Frå 1934 var Edvardsen med i kommunestyret i Egersund til 1964. Åra 1945-51 var han ordførar i kommunen. Etter kommunesamanslåing var han medlem av kommunestyret i Eigersund frå 1965 til 1979, med unnatak for valperioden 1972-75. Han var styreformann 1946-49 i Egersund kommunale elektrisitetsverk og 1951-81 i Dalane Elektrisitetslag/Elektrisitetsverk. Samstundes var han 1952-81 styremedlem i Lyse Kraftverk.

I alle dei fem stortingsperiodane frå 1945 til 1965 var Edvardsen etter tur andre, tredje, fyrste og andre vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Etter å ha møtt sporadisk som varamann til stortinget, fekk Edvardsen gjennom stortingsvalet 1965 fast plass i Stortinget og vart sidan attvald i 1969 og 1973. Han var i 1965-69 medlem i Justiskomiteen og 1969-77 medlem i Sosialkomiteen. Edvardsen var landsstyremedlem i Det norske Arbeidarparti frå 1959 til -64 og vart i 1995 utnemnd til heidersmedlem i partiet.

I 1999 vart han tildelt ein medalje for sin innsats i Heimestyrkane i Milorg.

Kjelder Stortingsbiografi 70-årsomtale

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Eigersund