Europameisterskapen i fotball 1984 for kvinner var den fyrste europameisterskapen i fotball for kvinner. Sverige vart europameister etter straffesparktevling.

Etter eit kvalifiseringsspel med 16 deltakarland à fire grupper, møttest dei fire gruppevinnarane til sjølve europameisterskapen. Meisterskapen vart avvikla i tida 8. april–27. mai 1984 med heime- og bortekampar, i semifinalane så vel som i finalen. Sverige tok seg til finale gjennom to eittmålssigrar (3-2 og 2-1) mot Italia, til saman 5-3, medan England vann med 3-1 mot Danmark, også det etter to eittmålssigrar (2-1 og 1-0).

Dei to finalekampane mellom Sverige og England enda begge med heimesiger 1-0. Dermed vart turneringa avgjort med ei straffesparktevling. Framfor 2 567 tilskodarar på Kenilworth Road i Luton mislukkast to av dei fem engelske eksekutørane og den tredje av dei svenske straffeskytarane. Så då toppskåraren i meisterskapen, Pia Sundhage, som den femte og siste av dei oppsette eksekutørane fann nettet med sitt skot, ja, då kunne dei svenske «tjejorna» juble som europameistrar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «EM i fotball for kvinner 1984» frå , den 25. juni 2017.

1984 Kategori:Fotball i 1984 Kategori:Kvinnefotball