1970 (romartal MCMLXX) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
Byrjinga av 1970 markerer byrjinga på Unixtid. Hendingar
Utlandet mini|Sovjetisk frimerke frå 1970 som viser romsonden «Luna 16».
12. januar: Den nigerianske borgarkrigen tok slutt då Biafra kapitulerte. 14. januar: Eisaku Sato blei vald til statsminister i Japan for ein tredje periode. 15. januar: Biafra blei teke opp att i Nigeria etter ein 32 månader lang krig. Muammar al-Gaddafi blei statsoverhovud for Libya. 5. mars: Ikkjespreiingsavtalen mot atomvåpen blei verksam. 18. mars: Statsminister Lon Nol i Kambodsja avsette prins Norodom Sihanouk som president medan Sihanouk var utanlands. 11. april: Apollo-programmet: Det amerikanske romskipet «Apollo 13» blei skote opp mot månen. Ferda blei seinare avbroten. 14. mai: Grunnlegginga av terroristgruppa Rote Armee Fraktion (RAF). 1. juni: Sojuz-programmet: Oppskytinga av «Sojuz 9», eit sovjetisk tomannsromskip. 21. juli: Aswandammen i Egypt stod ferdig. 17. august: Venera-programmet. Den sovjetiske romsonden «Venera 7» blei skoten opp mot Venus. 12. september: Luna-programmet. Den sovjetiske romsonden «Luna 16» blei skoten opp mot månen. Han blei den første sovjetiske sonden som vende tilbake med prøvar. 10. oktober: Fiji erklærte sjølvstende frå Storbritannia. 12.-13. november: Syklonen i Gangesdeltaet som er blitt kjend som den døydelegaste i historia traff Aust-Pakistan (noverande Bangladesh) og drap 300 000-500 000 menneske.
2. desember: Miljøvernbyrået blei grunnlagt i USA.
Noreg 1. januar: Ei meirverdiavgift («moms») på 20 % erstatta den tidlegare omsetjingsavgifta (oms) på 13,64 %. 22. januar: Prisstoppen frå 26. september 1969 blei oppheva. 6. februar: Øvre Pasvik nasjonalpark blei oppretta. 2. juni: Saudastreiken byrja, og varte i nesten fem veker. 19. juni: Naturvernlova blei vedtatt. 25. juni: Stortinget vedtar at Noreg skulle byrja forhandlinger om medlemskap i Europafellesskapen (EF). 30. juni: Kristiansund lufthamn, Kvernberget opna. 27. juli: Mardøla-aksjonen. Aksjonistar oppretter teltleir i traseen for anleggsveg for den planlagde utbygginga av Mardølavassdraget. 1. november: Folketeljing. Noreg hadde 3 874 133 innbyggjarar.
Fødde mini|Journalist og forfattar Åsne Seierstad fødd 10. februar
4. januar: Carl Frode Tiller, norsk forfattar 25. januar: Margunn Haugenes, norsk fotballspelar 10. februar: Åsne Seierstad, norsk journalist og forfattar 20. februar: Hege Myklebust, norsk målkvinne 21. februar: Trond Einar Elden, norsk skirennar 7. april: Leif Ove Andsnes, norsk pianist 16. april: Margreth Olin, norsk filmskapar 19. mai: Vidar Busk, norsk musikar 7. juli: Susann Goksør Bjerkrheim, norsk handballspelar 8. juli: Beck, USA-amerikansk musikar 12. august: Kristopher Schau, norsk komikar 29. oktober: Edwin van der Sar, nederlandsk fotballspelar 9. desember: Anna Gavalda, fransk forfattar
Døde mini|President Gamal Abd al-Nasser døydde brått 28. september
2. februar: Bertrand Russell, britisk matematikar og filosof 15. mars: Tarjei Vesaas, norsk forfattar 15. mars: Arthur Adamov, russisk-fransk forfattar 19. mai: Halvard Lange, norsk politikar 27. juli: António de Oliveira Salazar, portugisisk stastminister 18. september: Jimi Hendrix, USA-amerikansk musikar 25. september: Erich Maria Remarque, tysk forfattar 28. september: Gamal Abd al-Nasser, statsleiar i Egypt 4. oktober: Janis Joplin, USA-amerikansk songar 9. november: Charles de Gaulle, fransk general og president 21. november: Chandrasekhara Venkata Raman, indisk fysikar 23. november: Alf Prøysen, norsk forfattar