From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee er eit album av Elvis Presley, gjeve ut i 1976 på RCA Records. Det vert ofte mistolka som eit konsertabum sidan det står på omslaget at songane vart «spelte inn live». Sjølv om dette er sant, vart songane spelte inn live i eit platestudio heime hos Presley, i Graceland, og ikkje føre eit publikum. To songar som vart spelte inn under innspelinga, «Moody Blue» og «She Thinks I Still Care», vart gjevne ut året etter på det siste albumet hans, Moody Blue. From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee var det fjerde albumet til Presley som gjekk til topps på Billboard si country-liste dei siste fire åra. (Awards)

«Hurt» vart gjeven ut på singel og nådde topp 10 på både country- og adult contemporary-lista, medan «For the Heart» stoppa på 45. plassen på countrylista. Sistnemnde nådde så vidt topp 30 på poplista. Begge songane gjekk igjen inn på countrylista i 1980-åra – «For the Heart» vart den første singelen til The Judds i 1983, medan Juice Newton tok sin versjon av «Hurt» til topps i 1986.Kjelder:

From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee selde til gullplate den 10. oktober 1977 hos RIAA. Note: Enter advanced search for «Presley, Elvis» (artist) and «From Elvis Presley Blvd., Memphis i Tennessee» (album name) I 2000 vart songane på albumet lagt til Moody Blue som ei utvida utgåve av det sistenemnde albumet. I 2012 vart ei utvida utgåve av sjølve From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee gjeven ut på Follow That Dream.

Innhald

Original LP-utgåve

CD-utgåve frå 2002

Follow That Dream-utgåva frå 2012

Salstrofé RegionOrganisasjonTroféUnited StatesRIAAGold

Medverkande Elvis Presley - vokal, gitarar, bass på «Blue Eyes Crying In The Rain» J.D. Sumner & The Stamps, Kathy Westmoreland, Myrna Smith - korvokal Bergen White - strykar- & blåsearrangement James Burton - sologitar John Wilkinson - rytmegitar Jerry Scheff - bass David Briggs - klaverinstrument Ronnie Tutt - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee» frå , den 26. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Rareelvispresley.com

Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:Album produserte av Felton Jarvis Kategori:RCA Records-album