Jerv eller fjellfross (Gulo gulo) er eit rovpattedyr som høyrer til mårfamilien, og er det største mårdyret i Noreg. Jerv finst i spreidde bestandar sirkumpolart i nordlege fjellområde.
Jerven, som kan ha vege opptil 25 kg, er kraftbygd og sterk etter storleiken. Han går på heile solen av foten, noko som gjer det lettare for han å gå på overflata av snøen. Bitet er kraftig slik at han kan ete frose kjøt og knuse knoklar frå store dyr for å få tak i beinmargen. Jerven kan drage med seg byttedyr fleire gonger større enn seg sjølv. Dei lagrar føda i myrhol, bekker osb. for vinteren.
Om vinteren har jerven rein som hovudføde, men lever også av åtsel, både det han finn og vinterlager han har lagt seg opp. Sommardietten er meir variert, med fuglar, små og mellomstore pattedyr og plantar på menyen.
Raudlistevurdering Jerv (Gulo gulo) blir vurdert som sterkt truga EN fordi det er få reproduserande individ i Noreg.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Registrerte jervkull i Norge Fakta om jerv
Kategori:Mårdyrfamilien Kategori:Pattedyr i Noreg