Super Smash Bros. for Nintendo 3DS og Super Smash Bros. for Wii U er slåstarspel utvikla av Sora Ltd. og Bandai Namco Games og utgjeve av Nintendo på spelemaskinane Nintendo 3DS og Wii U.

I likskap med dei andre spela i Super Smash Bros.-serien, er Super Smash Bros for Nintendo 3DS og Super Smash Bros. for Wii U uortodokse slåstarspel, der spelarar styrer figurar som bruker ulike angrep for å svekke motstanderne sine og slå dei ut av ein arena. Spela hentar element som karakterar, hjelpemiddel, musikk og kamparenaer frå ei rekkje ulike speleseriar, mellom anna Nintendo-seriar som Mario, Donkey Kong, Pokémon, Metroid, The Legend of Zelda og Animal Crossing, i tillegg til speleseriar frå tredjepartar, som Sonic the Hedgehog, Final Fantasy og Bayonetta.

Super Smash Bros. for Wii U er det første spelet i serien som opnar for fleirspelar med opp til åtte deltakarar samtidig. Begge spela har vorte utvida sidan lanseringa i 2014 med innhald som kan lastast ned frå internett, inkludert nye kamparenaer og figurar. Enkelte element frå tidlegare spel i serien, som eventyrmodusen i Super Smash Bros. Brawl, er fjerna.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Super Smash Bros. for Nintendo 3DS og Wii U» frå , den 27. juni 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dataspel frå 2014 Kategori:Nintendo 3DS-spel Kategori:Slåstarspel Kategori:Super Smash Bros. Kategori:Wii U-spel