Philip «Phil» Chess () var ein USA-amerikansk plateprodusent og direktør som i lag med broren skipa Chess Records.

Karriere Chess vart fødd i landsbyen Motal som i ligg i dagens Kviterussland. Han flytta med familien til faren i Chicago i 1928. Familien byta namn til Chess, og Lejzor vart Leonard medan Fiszel vart Philip.

Phil og Leonard dreiv ein populær klubb i Chicago, Macomba Lounge. to år seinare vart Leonard partner i Aristocrat Records, eit lokalt selskap som spelte inn all slags musikk, og Phil kom med i 1950. Selskapet endra namn til Chess Records og dei byrja å fokusere på R&B-musikk, og signerte og spelte inn musikk med artistar som Muddy Waters, Bo Diddley, Sonny Boy Williamson (Rice Miller), Robert Lockwood jr., Etta James, Willie Dixon, Howlin Wolf og Chuck Berry. Phil Chess var aktivt involvert og produserte mange av blues og rock and roll-innspelingane deira. Selskapet deira hadde stor suksess i 1950-åra og tidleg i 1960-åra og vart i 1968 seld til GRT.

Chess var òg med-skipar av L & P Broadcasting i lag med broren. Dette føretaket dreiv radiostasjonen WSDM.

Phil Chess trekte seg attende til Arizona i 1972. Phil og Leonard Chess vart begge innlemma i Blues Hall of Fame som ikkje-utøvarar i 1995.

Chess døydde i heimen sin i Tucson i Arizona, 95 år gammal.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Phil Chess» frå , den 29. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Chess Records The Chess Story Chess Records: How Two Polish Brothers Made Music History

Kategori:Folk frå Motal Kategori:Polsk-amerikanarar Kategori:Blues Hall of Fame Kategori:USA-amerikanske musikkdirektørar Kategori:Polske jødar