Spartan er eit protein som hos menneske er koda for av genet SPRTN. Det høyrer til proteinfamilien med same namn.

Proteinet tek del i DNA-reparasjon gjennom aktiv regulering av translesjonssyntese og gjer mogleg bytet frå replikativ DNA-polymerase til TLS-polymerase langs opphaldne replikasjonsgaflar, slik at det kan fare forbi DNA-lesjonar. Det er bygd opp av 489 aminosyrer og er kjenneteikna ved eit N-terminalt SprT-likt domene, ein PIP-boks i midten og eit C-terminalt ubikvitin-bindande sinkfingerdomene.

Homozygote eller samansett heterozygote mutasjonar i genet er knytt til Ruijs-Aalfs syndrom.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «SPRTN» frå , den 1. juli 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gen på kromosom 1