«Little Queenie» er ein song skriven og innspelt av Chuck Berry. Han kom ut i 1959 på albumet Chuck Berry Is on Top og som ei dobbel A-side med «Almost Grown». Berry framførte songen i filmane Go, Johnny Go! (1959) og Hail! Hail! Rock 'n' Roll (1987). Songen har sidan blitt spelt av mange andre artistar, som Beatles, Rolling Stones og REO Speedwagon. Eit år tidlegare hadde Berry gjeve ut «Run Rudolph Run», ein julesong med same melodi.

Innhald 7" vinyl «Almost Grown» «Little Queenie»

Lister og mottaking Songen nådde 80. plassen på Billboard Hot 100-lista.

Allmusic kallar songen ei «utruleg rock & roll-anthem» og «ein av dei besste dans/sex-ritualistiske klassikarane.» Songen er med på fleire av samlealbuma til Berry, som The Great Twenty-Eight og Chuck Berry's Golden Decade.

Beatles-versjonar I følgje Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicles» (s. 363), framførte Beatles «Little Queenie» på konsertane sine frå minst 1960 til 1963 med Paul McCartney på solovokal. Eit publikumopptak frå desember 1962 finst på Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962. I følgje forfattaren Doug Sulpy i «Drugs, Divorce and Slipping Image» (seksjon 22.26) under den massive innspelinga for albumet Get Back song John Lennon solovokal på ein forholdsvis kort versjon av songen. Paul McCartney og Wings-gitaristen Denny Laine spelte inn ein jam-versjon av songen i 1970-åra.

Andre versjonar The Rolling Stones spelte ofte songen på konsertane sine. Ein versjon vart spelt inn i november 1969 i Madison Square Garden og denne kom med på albumet Get Yer Ya-Ya's Out! The Rolling Stones in Concert. Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Jerry Lee Lewis, Kinks, Eric Clapton, Rod Stewart, Velvet Underground, Eric Burdon, Johnny Moped, Bruce Springsteen, Bob Seger, Johnny Thunders, Savoy Brown, Jan Berry og REO Speedwagon.

Songen inspirerte Marc Bolan frå T. Rex til å skrive songen «Get It On».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little Queenie» frå , den 3. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Chess Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Chuck Berry Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Shakin' Stevens-songar Kategori:REO Speedwagon-songar Kategori:New Jordal Swingers-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:The Troggs-songar