Rasmus Tønder Nissen () var ein norsk skulemann frå Melhus som var sjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1874-82.
Nissen var son til ein prest. Etter han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1839, studerte han teologi og vart cand.theol. frå universitetet i Christiania i 1843. Same året byrja han undervise ved Hartvig Nissens latin- og realskole i hovudstaden, frå 1850 inspektør og 1852 styrar av skulen. Frå 1854 var han lektor ved universitetet, professor frå 1866.
Den 28. november 1874 vart Nissen utnemnd til statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet, ein posisjon han hadde til han døydde, med unnatak for dei to periodane han sat i den norske statsrådsavdelinga i Stockholm.
Nissen var medlem 1857 i kommisjonen om nytt artiumsreglement og undervisningsplan for realskulane, og 1865 i kommisjonen som vurderte Magnus Brostrup Landstad sitt utkast til kyrkjesalmebok.
Nissen forfatta fleire verk om kyrkjehistorie og teologi.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Folk frå Melhus