Elliott Randall () er ein amerikansk gitarist, mest kjen som studiomusikar for mange populære artistar. Randall spelte kjende gitarsoloar på Steely Dan-songen «Reelin' in the Years» og Irene Cara-songen «Fame». Det er blitt sagt at Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page har omtalt soloen til Randall på «Reelin' in the Years» som hans favorittgitarsolo gjennom tidene. Soloen vart rangert den 40. beste gjennom tidene av lesarane til musikkmagasinet Guitar World og den åttande beste av Q4 Music.

Tidleg i karrieren spelte Randall noko for The Capris og The Ronnettes. Etter å ha spelt på debutalbumet til Steely Dan, byrja han å bli etterspurt som gitarist. Han avslo å bli medlem av Steely Dan og seinare musikalsk leiar i The Blues Brothers og medlem i Toto.

Som studiomusikar spelte Randall med artistar som The Doobie Brothers, Tom Rush, Elkie Brooks, Carly Simon, Carl Wilson, Peter Wolf, Peter Frampton, James Galway, Rochester Philharmonic Orchestra og The American Symphony Orchestra, blant mange andre.

Diskografi Som deltakar

Can't Buy a Thrill - 1972 – Steely Dan Satan – Sonny Stitt - Cadet, 1974 Katy Lied - 1975 – Steely Dan Royal Scam - 1976 – Steely Dan Gene Simmons - 1978 – Gene Simmons Peter Criss - 1978 – Peter Criss Live and Sleazy - 1979 – Village People Connections - 1980 – Richie Havens It's Alright - I See Rainbows - 1982 – Yoko Ono Hello Big Man - 1983 – Carly Simon Milk and Honey - 1984 – John Lennon The Animals' Christmas - 1986 – Art Garfunkel & Amy Grant Electric Landlady - 1991 – Kirsty MacColl Walking on Thin Ice - 1992 – Yoko Ono Walk the Dog and Light the Light - 1993 – Laura Nyro Arena - 1996 – Asia Spirit of Christmas - 2009 – Northern Light Orchestra Left, - 2016 - Monkey House

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elliot Randall» frå , den 9. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Elliott Randall si nettside

Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Steely Dan-medlemmar