Jar er eit strok aust i Bærum kommune, like vest for Lysakerelva, som er grensa mellom Oslo og Bærum. Namnet Jar, som opphavleg var namnet på ein gard (gnr. 38),Borgen, Per Otto. 2006. Asker og Bærum leksikon, side 257. ISBN 82-91649-10-3 kjem av det norrøne ordet jaðarr, som tyder‘kant’, og som truleg syner til at Jar ligg på av kanten av den djupe elvedalen som Lysakerelva går i her. Området vart bygd ut på 1920- og 1930-talet med frittliggjande einebustader på store tomter. Frå 1970-talet har stroket vorte fortetta med fleire einebustader på dei store tomtene, slik at stroket framleis er dominert av villaer.

T-banelina Kolsåsbanen og trikkelina Lilleakerbanen går gjennom området, og har den felles haldeplassen Jar.

Kjelder

Kategori:Strøk i Bærum