thumb| Khi-Ro (XP) er eit monogram laga av dei to første bokstavene i det greske ordet for Jesus Kristus. Relieffet inneheld også eit Jesus-symbol i form av dei greske bokstavene alfa og omega, «byrjinga og slutten», som er nemnd i Bibelen. Monogram er ei dekorativ samanstilling av bokstavar, gjerne førebokstavar, frå eit namn. Dei kan brukast som eigarmerke, signatur, dekorasjon og liknande. Konge- og dronningmonogram er krona og inneheld som regel føerbokstav og ordenstalet til fyrsten. Nokre gonger kan det utformast som spegelmonogram, det vil seia med teikna samanslynga i normal og omvend stilling til eit symmetrisk ornament.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Monogram» frå , den 17. juli 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skrift Kategori:Symbol Kategori:Heraldikk Kategori:Pynt