«Kansas City» er ein rhythm and blues-song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller i 1952.One author suggests that the 1927 blues song «Jim Jackson's Kansas City Blues» er ein «fjern slektning». Han vart først spelt inn av Little Willie Littlefield same året, og vart seinare ein stor hit for Wilbert Harrison i 1959. «Kansas City» vart ein av dei mest innspelte songane til Leiber og Stoller, med meir enn tre hundre versjonar og fleire av dei på R&B- og poplistene.

Originalen «Kansas City» vart skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, då to nitten år gamle rhythm and blues-fans frå Los Angeles, som alt hadde hatt suksess som låtskrivarar for Charles Brown med R&B-hiten «Hard Times». Ingen av dei hadde vore i Kansas City, men var inspirerte av Big Joe Turner-plater. I'm goin' to Kansas City, Kansas City here I come (2x) They got a crazy way of lovin' there, and I'm gonna get me some I'm gonna be standing on the corner, of Twelfth Street and Vine (2x) With my Kansas City baby, and a bottle of Kansas City wine... Gjennom sambandet til produsenten Ralph Bass, skreiv dei «Kansas City» spesifikt for West Coast blues/R&B-artisten Little Willie Littlefield. Det var først usemje mellom dei to låtskrivarane om melodien til songen: Leiber (som skreiv teksten) føretrekte ein tradisjonell bluessong, medan Stoller ønskte ei meir markant vokallinje. Stoller vann til slutt fram. Dei lærte bort songen til Littlefield heime hos Maxwell Davis, som arrangerte og spelte tenorsaksofon på songen. Littlefield spelte inn songen i Los Angeles i 1952, under den første innspelinga si for Federal Records, ein etikett under King Records. Ralph Bass endra tittelen til «K. C. Loving», som visstnok vart rekna som meir «hipt» enn «Kansas City». Littlefield si innspeling vart ein suksess i delar av USA, men nådde ikkje den nasjonale salslista.

Little Richard-versjonar

I 1955 spelte Little Richard inn to ganske forskjellige versjonar av «Kansas City»: 13. september (med produsenten Bumps Blackwell), og den 29. november (med fem vokalistar, og produsenten Art Rupe). Den første versjonen, som var tett opp til originalen, kom ut mykje seinare, i november 1970 på samlealbumet Well Alright! Denne versjonen var den første som hadde den nye tittelen «Kansas City» (etter originalen til Littlefield, «K.C. Loving»). Den andre versjonen til Richard hadde same namnet, men var ei ganske stor omarbeiding av Little Richard (denne versjonen inneheld eit nytt refreng med teksten «Hey, hey, hey, hey; Hey baby, hey child, hey now») som kom ut seint i 1958 på The Fabulous Little Richard og i april 1959 som ein singel Seinare vart denne versjonen covra av The Beatles.

9. mai 1956 spelte Little Richard inn sin eigen song, «Hey-Hey-Hey-Hey», òg kjend som «Hey-Hey-Hey-Hey! (Goin' Back to Birmingham)» som var særs lik ein del av den andre versjonen av «Kansas City» som var spelt inn seks månader tidlegare. Denne vart gjeven ut i januar 1958 som B-side til «Good Golly, Miss Molly» og i juli 1958 på Little Richard.

Wilbert Harrison-versjonen I 1959, fleire år etter å ha spelt Littlefield sin «K.C. Loving», valde Wilbert Harrison å spele inn songen. I mars 1959, akkurat då versjonen til Little Richard kom ut på album, spelte Harrison inn songen i lag med gitaristen Wild Jimmy Spruill i eit studio i New York for produsenten Bobby Robinson frå Fury Records. «Kansas City» vart gjeven ut på singel seinare det året.Wilbert Harrison

Harrison-versjonen nytta den originale tittelen til Leiber og Stoller, «Kansas City», men endra refrenget til «They got some crazy little women there, and I'm gonna get me one» og droppa ein 12-taktsdel. Songen vart ein hit og gjekk til topps på både R&B- og poplista, der han låg i sju veker. Songen vart ein av dei bestseljande i 1959.Whitburn 1988, p. 600. Singelen var den siste førsteplassen i USA som vart gjeven ut på ei 78-plate.

Harrison spelte òg inn ein svarsong til same melodien som «Kansas City», kalla «Goodbye Kansas City». Denne kom ut på singel på Fury Records i 1960.

The Beatles-versjonen

I 1964 spelte The Beatles inn Little Richard sin versjon av «Kansas City» (sidan kalla «Kansas City/Hey, Hey, Hey, Hey»), ein song dei byrja å spele medan dei var i Hamburg. Versjonen deira, som nytta ein noko anna tekst, kom ut på albuma Beatles for Sale (Storbritannia) og Beatles VI (USA) og var B-sida til singelen «Boys». Pianoet på songen vart spelt av George Martin. Eit alternativt opptak kom ut på Anthology 1 og eit konsertopptak frå Hamburg i 1962 vart gjeven ut på Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962. Andre konsertopptak finst på albuma Live at the BBC og On Air - Live at the BBC Volume 2, i tillegg til i filmen Let It Be. The Beatles framførte òg songen i ein medley på det amerikanske TV-showet Shindig! i oktober 1964.

Medverkande Paul McCartney – solovokal, bass John Lennon – sologitar, korvokal George Harrison – rytmegitar, korvokal Ringo Starr – trommer George Martin – piano

James Brown-versjonen

James Brown spelte inn ein versjon av «Kansas City» i 1967 og denne nådde 21. plassen på R&B-lista og 55. plassen på poplista.White, Cliff (1991). «Discography». In Star Time (pp. 54–59) [CD booklet]. New York: PolyGram Records. Brown recorded live performances of the song for his albums Live at the Apollo, Volume II (1968) and Say It Live and Loud (1998; recorded 1968), and in his concert films James Brown: Man to Man and Live at the Boston Garden.This was also James Brown's first single to be reissued to Polydor Records.

Etter Brown sitt eige ynskje, song Marva Whitney «Kansas City» i gravferda hans i Augusta i Georgia i 2006.Smith, R.J. (2012). The One: The Life and Music of James Brown, 379. New York: Gotham Books.

Andre versjonar «Kansas City» har blitt spelt av mange hundre andre artistar, som Bill Haley & His Comets på albumet Bill Haley and His Comets (1960), Brenda Lee frå All the Way (1961), Peggy Lee frå Blues Cross Country (1962) og Miss Peggy Lee Sings the Blues (1988), Ace Cannon spelte ein instrumental versjon i 1962 på debutalbumet Tuff Sax, Trini Lopez nådde 23. plassen på poplista med ein singel i 1963, Dion DiMucci på albumet Runaround Sue (1961), Jan & Dean frå Surf City And Other Swingin' Cities (1963), Jay and the Americans frå At the Cafe Wha? (1963), Fats Domino som singel (1964), Sammy Davis jr. frå Sammy Davis, Jr. Sings the Big Ones for Young Lovers (1964), The Everly Brothers frå Rock & Soul (1965), Tom Jones frå From the Heart (1966), Albert King frå Born Under A Bad Sign (1967), Muddy Waters frå Muddy «Mississippi» Waters – Live (1979) og Dean Reed frå albumet Rock'n'Roll Country Romantic"(1980). Ti versjonar av songen finst på albumet The Best of Kansas City frå 1994. I 1995 vart han inkludert i Smokey Joe's Cafe, ein musikal med songar av Leiber og Stoller. Grateful Dead spelte songen 28. oktober 1985, dagen etter Kansas City Royals vann den første Verdsserien sin.

Ettermæle I 2001 fekk Harrison sin versjon av «Kansas City» ein Grammy Hall of Fame Award, og han er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. I 2005 erklærte Kansas City songen «Kansas City» som den offisielle songen sin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kansas City (song)» frå , den 19. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1952 Kategori:Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista Kategori:Bluessongar Kategori:Fury Records-singlar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar om byar Kategori:Dion DiMucci-songar Kategori:Jay and the Americans-songar Kategori:Little Willie Littlefield-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Trini Lopez-songar Kategori:Little Richard-songar Kategori:Wilbert Harrison-songar Kategori:Bill Haley-songar Kategori:Wanda Jackson-songar Kategori:Brenda Lee-songar Kategori:Peggy Lee-songar Kategori:Jan & Dean-songar Kategori:Dick Dale-songar Kategori:Lou Rawls-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:Sammy Davis jr.-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Alexis Korner-songar Kategori:Herman's Hermits-songar Kategori:Fats Domino-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:James Brown-songar Kategori:Albert King-songar Kategori:T-Bone Walker-songar Kategori:Muddy Waters-songar Kategori:Billy Fury-songar Kategori:George Jones-songar Kategori:Johnny Paycheck-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Count Basie-songar Kategori:Freddie and the Dreamers-songar