Proteomet er den totale mengda av protein som vert uttrykt i eit biologisk system eller avgrensa delar av dette, som ein organisme, ei selle, eit virus eller eit vev. Omgrepet femnar òg om posttranslasjonelle modifikasjonar, der proteinet er endra etter omsetjing frå bodberar-RNA. Proteom varierer med ulike faktorar, som miljø, selletype og vevstype. Forsking på proteom er kalla proteomikk.
Ordet proteom vart funne opp av Marc Wilkins i 1994.
Sjå òg genom transkriptom
Kjelder
Adams, J. (2008) The Proteome: Discovering the Structure and Function of Proteins. Nature Education 1(3):6 Proteome - Nature.com
* Kategori:Protein