Southern Child var det fjerde og siste albumet Little Richard spelte inn for Reprise Records og var meint å kome ut i 1972. Men albumet vart skrinlagd og songane på albumet kom først ut i 2005 på Rhino Records og samleplata Complete Reprise Recordings.

Historie I plateomslaget til Complete Reprise Recordings står det: «Spelt inn meir eller mindre samstundes med Second Coming. Ti songar vart miksa, sett i rekkjefølgje og samla på masterlydband, før dei vart leverte til Reprise. Albumet hadde fått tittelen Southern Child, og plateomslaget hadde til og med blitt fotografert. Richard sa, 'det var meg som mjølka ei ku dei hadde henta inn i hagen min'. Men av uklåre årsaker vart aldri Southern Child gjeve ut... før no, meir enn 32 år etter det vart spelt inn».Tom Vickers, The Complete Reprise Recordings Liner Notes, c. Warner Bros. Records, 2004.

Eit 11. spor som vart spelt inn samstundes, men ikkje valt ut for albumet (men gjeve ut på The Complete Reprise Recordings) var ein fire minuttar lang instrumental kalla «Sneak The Freak».

Mange av songane på albumet vart registrert med opphavsrett før songane på Second Coming. Richard framførte òg «Burning Up With Love» på The Merv Griffin TV Show (USA) før Second Coming kom ut, og han nemner det nye albumet på showet, The Southern Child.

Innhald

Medverkande Little Richard – vokal, piano Lee Allen - tenorsaksofon Jim Horn - saksofon Sneaky Pete Kleinow - pedal steelgitar Earl Palmer - trommer Bob Love - ukjend instrument i følgje Reprise Records

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Southern Child» frå , den 26. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Little Richard-album Kategori:Musikkalbum produserte av Robert Blackwell Kategori:Reprise Records-album