Joaquim Carvalho Cruz () er ein brasiliansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Taguatinga. Han vart olympisk meister på 800 m i 1984 og vann OL-sølv på same distansen i 1988.

Aktiv Cruz utmerkte seg ved å sette juniorverdsrekord på 800 m med 1.44,3 som 18-åring i 1981. To år seinare leia han VM-finalen på 800 m ut på oppløpet, men vart passert av vesttyskaren Willi Wülbeck og på målstreken av nederlendaren Rob Druppers. Dermed vart det bronse på den unge brasilianaren, og gull på Wülbeck.

Under Sommar-OL 1984 i Los Angeles vann Cruz 800 meter på tida 1.43,00, klart framom verdsrekordhaldar Sebastian Coe som kom i mål på 1.43,64. Cruz kvalifiserte seg også til semifinalane på 1500 m i OL, men ei forkjøling gjorde han ikkje deltok. Like etter sommarleikane vann han eit stemne i Zürich på tida 1,42,34 og vart andremann i verda under 1.43 på 800 m. To dagar etterpå fekk han notert 1.42,41 i Brussel og ytterlegare to dagar seinare sprang han i mål på 1.41,77 ved eit stemne i Köln, fattige fire hundredels sekund bak verdsrekorden til Coe.

Etter å ha vunne samtlege sju 800-meterar han deltok i i 1984, heldt Cruz fram å imponere i 1985-sesongen. Han vann då seks av åtte 800-metertevlingar og avslutta med løp på 1.42,51 og 1.42,49. Både i 1986 og 1987 var han plaga av skadar, men lukkast likevel vinne 1500 m under dei panamerikanske leikane i Indianapolis gjennom sin spurtstyrke.

Den 14. august 1988 sprang Cruz sin aller beste 1500 meter og sette brasiliansk rekord med 3.34,6 i Hengelo. Seks veker seinare vann Cruz sølvmedaljen på 800 meter under dei olympiske leikane i Seoul, 0,35 sekund bak kenyanaren Paul Ereng og 16 hundredels sekund framom Saïd Aouita frå Marokko.

Sidan sleit Cruz med akillesproblem og var ikkje i nærleiken av tidlegare toppnivå. Han lukkast i 1995 i Mar del Plata likevel vinne 1500 m i dei panamerikanske leikane for andre gong.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje på 800 m – 1.44,27, bak Rob Druppers (1.44,20) OL 1984 i Los Angeles: Gull på 800 – 1.43,00, utslått i semifinalane på 1500 m OL 1988 i Seoul: Sølv på 800 – 1.43,90, utslått i forsøka på 1500 m VM 1995 i Göteborg:Utslått i semifinalane på 1500 m OL 1996 i Atlanta: Utslått i forsøka på 1500 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joaquim Cruz» frå , den 27. juli 2017.

World Athletics

Kategori:Brasilianske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Brasil Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Brasil Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Brasilianske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996