«Lewis Boogie» er ein song skriven av Jerry Lee Lewis i 1956 og gjeven ut på singel i juni 1958 på Sun Records. B-sida til singelen var «The Return of Jerry Lee».Sun Records Discography.The Jerry Lee Lewis Sun Collection.

Bakgrunn «Lewis Boogie» vart spelt inn sommaren 1957 i Sun Records studios i 706 Union i Memphis i Tennessee. Medverkande på innspelinga var Jerry Lee Lewis på vokal og piano, Roland Janes på gitar og Jimmy Van Eaton på trommer.Sun Singles 3.

Jerry Lee Lewis spelte inn eit konsertopptak av songen med det britiske bandet The Nashville Teens på konsertalbumet Live at the Star Club, Hamburg i 1964.

«Lewis Boogie»Jake Austen, TV-a-Go-Go: Rock on TV from American Bandstand to American Idol (Chicago Review Press, 2005), 316. vart nytta i biografifilmen om Johnny Cash, Walk the Line, der han vart framført av Waylon Payne.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lewis Boogie» frå , den 30. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Sun Records-singlar