Ingrid Hjelmseth () er ein norsk fotballspelar frå Skjetten i Akershus. Målvakta har pr 31.7.2017 spelt 115 landskampar for Noreg. Hjelmseth spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.

Hjelmseth spelte på heimlege Skjetten SK til 1999. Same året melde ho seg inn i Trondheims/Ørn og vakta målet til trønderklubben fram til 2006. Frå 2007 har ho vore aktiv i Asker Skiklubb og etterfylgjaren Stabæk IF. Frå 1998 til 2013 var ho med å vinne til saman seks NM-pokalar og fem seriegull.

Hjelmseth fekk sin landslagdebut i 2003, men ettersom Bente Nordby lenge hadde burt på landslagsplassen vart det få landskampar på henne før 2009-sesongen. I 2005 var ho med i troppa då Noreg tapte EM-finalen mot Tyskland, heile meisterskapen såg ho frå reservebenken. Sidan var ho norsk fyrstemålvakt under Fotball-EM 2009, 2013 og 2017, samt under Fotball-VM 2015. Hjelmseth vakta målet då Noreg i EM-finalen 2013 mislukkast i å skåre på to straffespark, og i staden tapte 0-1 mot Tyskland.

Merittar EM-sølv: 2005 og 2013 EM-semifinalist: 2009 Noregsmeister (6): 1999, 2001, 2002 med Trondheims/Ørn, og 2011, 2012, 2013 med Stabæk IF Seriemeister (5): 2000, 2001, 2003 med Trondheims/Ørn, og 2010, 2013 med Stabæk IF

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ingrid Hjelmseth» frå , den 31. juli 2017.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Skedsmo