Alhidaya Islamic Center er ein moské i Hammerfest i Finnmark fylke. Moskéen er den største i Nord-Noreg.
Moskébygningen i Storgata var tidlegare kjend som Folkets Hus. Han har vore eigd av arbeidarrørsla sidan han vart bygd på 1950-talet, og har mellom anna vorte leigd ut til selskap og fest. Våren 2014 kjøpte Hammerfest Muslimske Senter bygget for 600 000 kroner. Lokala vart pussa opp for oppimot 1,4 millionar kroner og moskéen opna september 2014.
Det er også oppretta ein muslimsk gravplass i eit avgrensa hjørne av Fjordadalen gravlund ved Rypefjord i Hammerfest kommune.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettstaden til senteret
Kategori:Moskéar i Finnmark Kategori:Byggverk i Hammerfest