mini|Faloda Faloda (hindi फ़लूदा, tamil பலுடா, bengali ফালুদা; også romanisert faloood og faluda) er ein søt drikk eller dessert som er utbreidd i Sør-Asia. Han blir tradisjonelt laga ved å blanda rosevatn, tynne nudlar (vermicelli), søte basilikumfrø (sabza/takmaria) og gelébitar med mjølk, og blir ofte servert med iskrem oppå.

mini|venstre|Rosefaloda. mini|upright|Faloda med mjølk.

Nudlane ein nytter er laga av kveite, arrowroot, maisenna eller sago.

Historie Faloda stammar frå Persia, der den liknande retten faloodeh er populær. Retten kom til India med dei muslimske herskarane som erobra landet og etablerte dynasti der.

Formene av faloda som er vanlege i dag blei utvikla i Mogulriket og spreidde seg i lag med dette. Det blei laga lokale variantar av retten i andre muslimske statar, som fyrstestaten Hyderabad og Det karnatiske fyrstedømet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Faloda» frå , den 6. august 2017.

Bakgrunnsstoff

How To Make Falooda (Indian Dessert Drink)

Kategori:Dessertar Kategori:Leskedrikkar Kategori:Indisk mat Kategori:Pakistansk mat