Eamonn Christopher Coghlan () er ein irsk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Dublin Coghland vart verdsmeister på 5000 meter ved friidretts-VM 1983 i Helsinki. Han var medlem av det irske senatet, Seanad Éireann, frå 2011 til 2016.

Idrett Coghlan meisterskapsdebuterte internasjonalt med fjerdeplass på 1500 meter under Sommar-OL 1976 i Montreal. To år seinare vann han sølvmedaljen på same distansen under EM 1978 i Praha. Han sette då personleg rekord med 3.36,5 og var i mål sekundet bak briten Steve Ovett. Coghlan studerte og tevla mykje i USA, der han gjorde mange av sine aller beste løp å den engelske mila, og ofte innandørs.

Frå 1980 valde Coghlan å delta på 5 000 meter i dei store internasjonale meisterskapane. I Sommar-OL i Moskva var han med i medaljekampen heilt inn til målstreken, men enda på fjerdeplassen, knapt to sekundar bak vinnaren. Den 19. august 1981 sette han personleg rekord på 5 000 m med 13.19,1 i storstemnet i Zürich.

Coghlan vart i 1983 verdsmeister på 5 000 meter i Helsinki, etter ei fabelaktig sterk avslutning var han nesten to sekundar føre dei andre medaljevinnarane i mål. Han heldt fram å delta i ulike tevlingar i mange år, trass i at han tidvis var plaga med skadar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1976 i Montreal: Nr 4 på 1500 m – 3.39,5 EM 1978 i Praha: Sølvmedalje på 1500 m – 3.36,7, bakom Steve Ovett (3.35,5) OL 1980 i Moskva: Nr 4 på 5 000 m – 13.22,7 VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje på 5 000 m – 13.28,5, framom Werner Schildhauer (13.30,2) OL 1988 i Seoul: Utslått i semifinalane på 5 000 m – 14.02,1 (=nr 28)

Politikk Eamonn Coghlan vart utnemnd til senator av den irske statsministeren Enda Kenny i mai 2011. Han sat utan partitilknytting fram til 7. februar 2012, då han blei med i Fine Gael. Ved suppleringsvalet til underkammeret Dáil Éireann i Dublin West i 2014 stilte han til val for Fine Gael, men blei slått ut til fordel for Ruth Coppinger frå Sosialistpartiet. Coghlan var senator fram til 2016.

Referansar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eamonn Coghlan» frå , den 11. august 2017.

World Athletics

Kategori:Irske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Langdistanseløparar Kategori:Irske politikarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Irland Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Irske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Irske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Irske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988