Hellen Onsando Obiri () er ein kenyansk friidrettsutøvar som deltek i mellom- og langdistanseløp. Ho vart verdsmeister på 5 000 meter i 2017 og i 2019. Obiri har elles to OL-sølv på same distansen, VM-sølv på 10 000 m, VM-bronse på 1500 meter og OL-bronse i maraton. Obiris personlege rekordar er høvesvis 3.57,0 på 1500 m frå 2014, medan ho kom i mål på 14.18,3 då ho vann 5 000-meteren ved DL-stemnet i Roma i 2017.

Aktiv Obiri vann bronsemedaljen på 1500 m under VM i friidrett 2013. Frå 2015 satsa ho mest på 5 000 meter, ein distanse ho tok sølvmedaljen på under Sommar-OL 2016. Ved verdsmeisterskapen sigra ho med stor margin på same distansen. To år seinare i Doha forsvarte ho VM-tittelen på halvmila, då etter eit drabeleg spurtoppgjer. På mila enda ho på femteplass. Også under dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021 sprang Obiri begge langdistansane. På 5 000 m kneip ho sølvmedaljen med 0,01 sekunds margin til tredjemann, fire dagar seinare sette ho personbeste på 10 000 meter med 30.24,2 og vart nummer 4.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2011 i Daegu: Nr 11 på 1500 m – 4.20,2 OL 2012 i London: Nr 12 på 1500 m – 4.16,5 VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje på 1500 m – 4.03,8 OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje på 5 000 m – 14.29,7, bakom Vivian Cheruiyot (14.26,1) VM 2017 i London: Gullmedalje på 5 000 m – 14,34,8, framom Almaz Ayana (14.40,3) VM 2019 i Doha: Gullmedalje på 5 000 m – 14,26,7, framom Margaret Kipkemboi (14.27,4). Nr 5 på 10 000 – 30.35,8 OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje på 5 000 m – 14.38,3, bakom Sifan Hassan (14.36,7). Nr 4 på 10 000 m – 30.24,2 VM 2022 i Eugene: Sølvmedalje på 10 000 m – 30.10,02, bakom Letesenbet Gidey (30.09,94) OL 2024 i Paris: Bronsemedalje i maraton – 2.23.10

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hellen Obiri» frå , den 6. mai 2022.

World Athletics

Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Kenyanske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kenya Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020