mini|Seller med Wright-farging frå pasient med Burkitt-lymfekreft Burkitt-lymfekreft eller Burkitt-lymfom er ein lymfekreft frå B-seller. Sjukdomen er i mange tilfelle knytt til både Epstein-Barr-viruset og malariaparasitten Plasmodium falciparum og er særskilt vanleg hjå born i eit belte kring ekvator i Afrika.
Burkitt-lymfekreft vert delt opp i tre grupper:
endemisk, finst i hovudsak i Afrika og er sterkt knytt til EBV-viruset sporadisk, den vanlegaste forma utanfor malariaområde; kring av pasientane testar positivt for EBV immunsvikt-knytt, i hovudsak hjå HIV-infiserte pasientar; kring 30 til av pasientane testar positivt for EBV
Hjå alle tre formene for Burkitt-lymfekreft er genet MYC flytta, og ei mogeleg rolle til EBV-viruset er å hindra apoptose ved ei slik genflytting.
Burkitt-lymfekreft vart fyrst skildra av den britiske kirurgen Dennis Burkitt i 1958 frå pasientar i Kampala i Uganda. Epstein-Barr-viruset vart oppdaga i 1964 i ein vevsprøve frå ein svulst frå ein ugandisk pasient med Burkitt-lymfekreft.
Kjelder
Kategori:Kreft i lymfoid, hematopoetisk eller nærskyldt vev Kategori:Sjukdomar knytte til Epstein-Barr-viruset