Hans Abraham Meyer () var ein norsk forretningsmann frå Rana, son til Lars A. Meyer.
Hans A. Meyer arva i 1902 firmaet L.A. Meyer i Mo i Rana etter far sin og gjorde det til eitt av dei største i Nord-Noreg. Både «i skrift og tale gjekk M. sterkt inn for alt som kunne fremja økon. og kultivert liv i landsdelen. Mellom anna ivra han for Nordlandsbanen, meir vegbygging og i ein artikkel i Tidens Tegn i 1918 kom han, som den fyrste, med framlegg om «et nord-norsk akademi» i Tromsø som kunne bøte på mangelen på embets- og bestillingsmenn i Nord-Noreg. I 1905 var han med å skipe Helgeland Skogselskap og var formann i fleire år. Gjennom års innsamling la han grunnlaget for Bygdesamlinga på Mo.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958
Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Rana