Sekken kyrkje (tidlegare Sekken kapell) er ei langkyrkje på øya Sekken i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er soknekyrkje for Sekken sokn i Molde domprosti i Møre bispedøme.
Kyrkja vart bygd i 1908 og er i sveitserstil. Ho har 130 sitjeplassar.Kyrkjesøk Arkitektane var Ole Havnæs og Knut Flåthe.
Kyrkja vart pussa opp i forkant av 100-årsminnet, mellom anna med utvendig måling. Arbeidet vart gjort på dugnad. Jubileet vart markert med ein jubileumsfest 26. oktober 2009.
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Bilete
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Molde Kategori:Kyrkjer i Molde Domprosti Kategori:Kulturminne i Molde Kategori:Norske kyrkjer frå 1908 Kategori:Ole Havnæs