Ole Frithjof Klemsdal () var ein norsk industrimann og politikar frå Mandal. Han representerte Vest-Agder og partiet Høgre på Stortinget frå 1981 til 1989.

Klemsdal var son til eigaren av Mandals Motorfabrikk og arbeidde på fabrikken frå sine unge år. Inn i mellom gjekk han yrkesskule, handelsskule og tok i 1947 eksamen ved Oslo tekniske skole. Etter eit års tid som konstruktør på John Deere Tractor i USA, arbeidde han på Mandals Motorfabrikk frå 1948, bortsett frå 1952-53 då han var arbeidsstudie-ingeniør ved NEBB i Oslo. Klemsdal var disponent for Mandals Motorfabrikk frå 1967 til 1981.

Klemsdal engasjerte seg i lokalstyringa av Mandal og var medlem i Mandal bystyre 1953–63, varaordførar 1957–58. Han var elles styreformann 1956-59 i elektrisitetsverket i Mandal, formann 1961-81 i hamnestyret og 1972-79 i teknisk utval i kommunen. I tida 1970-82 var han styreformann i Mandal Sparebank.

Klemsdal var stortingsrepresentant frå Vest-Agder og for Høgre frå 1981 til -89. I den fyrste fireårsperioden var han medlem i Forsvarskomiteen, i den andre i Energi- og industrikomiteen.

Mandals Motorfabrikk gjekk konkurs i 1984, og Klemsdal starta sidan opp Marna Motor. Han dreiv det firmaet i mange år.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Folk frå Mandal