mini|Claas Lexion 570 mini|Dronevideo av skurtreskjar CLAAS Tucano 430 frå 2022 Claas KGaA mbH er ein tysk landbruksmaskinprodusent, med hovudkontor i den tyske byen Harsewinkel i Nordrhein-Westfalen.M. Baedekar, Die Claas Mähedrescher story, Landwirtschaftsverlag Münster-Hiltrup, 2001.

Generelt mini|Claas haustar og traktor

Firmaet vart grunnlagt i 1913 av August Claas i Clarholz i Westfalen, og sel i dag produkta sine i om lag 140 land. Claas er fyrst og fremst kjent som produsent av innhaustingsmaskinar: skurtreskjarar, høypresser, slåmaskinar, høyvendarar og sjølvgåande forhaustarar.

Claas er den største produsenten av sjølvgåande forhaustarar i verda og europeisk marknadsleiar innan skurtreskjarar. I 2003 tok Claas over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture, og verksemda produserer i dag eit stort utval av landbrukstraktorar.

I 2005 hadde Class 8134 tilsette og ei omsetjing på 2175,3 millionar euro, med ei forteneste (før skatt) på 86,4 millionar euro.

Historie mini|Claas rundballpresse

1913: Claas vart grunnlagt av August Claas i Clarholz i Westfalen. 1914: August, Bernhard og Franz Claas grunnla firmaet «Gebr. Claas». 1930: Det vart sett i gang utvikling av den fyrste skurtreskjaren tilpassa europeiske tilhøve. 1936: Claas starta produksjon av den fyrste skurtreskjaren. 1937: Serieproduksjon av slepetreskjarar. 1953: Konstruksjon av den fyrste sjølvgåande skurtreskjaren. 1973: Claas synte fram den fyrste sjølvkøyrande forhaustaren. 1995: Introduksjon av stortreskjaren «Lexion», som med ein kapasitet på 40 tonn per time var verda største skurtreskjar. 2002: Største omsetjing i firmaet si historie. 2003: Skurtreskjar nr 400 000 forlét samlebandet den 11. februar. 2003: Claas tok over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture (som var ein del av firmaet Renault). 2006: Claas lanserte Lexion 600, og hadde dermed på nytt verdas største skurtreskjar på programmet.

Produkt Traktorar mini|Claas Celtis 436 RX. Nexos: 54 – 74 kW Elios: 54 – 65 kW Axos: 54 – 74 kW Arion 400: 70 – 85 kW Arion 500: 85 – 115 kW Arion 600: 95 – 129 kW Axion: 132 – 175 kW Xerion Saddle Trac: 246 – 268 kW Xerion Trac: 246 – 385 kW

Skurtreskjarar Dominator Medion Mega Lexicon 560-510 Lexicon 580-570 Lexicon 600

Haustarar Grashaustarar: Jaguar Slåmaskiner: Disco, Corto, Cougar Lastarar Høypresser Teleskoplastarar Rundballepresser: Rollant

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Traktorprodusentar Kategori:Tyske føretak Kategori:Skurtreskjarprodusentar Kategori:Skipingar i 1913 Kategori:Jordbruksmaskinprodusentar