Stolmen kyrkje, tidlegare Møkster kyrkje, er ei langkyrkje frå 1892 ved Kvalvågen på øya Stolmen i Austevoll kommune i Vestland.
Byggverket er i tømmer og har 320 sitjeplassar. Namnet på kyrkja vart endra frå Møkster til Stolmen i 2020.
Det er kyrkjegard eit par hundre meter søraust for kyrkja.
Tidlegare kyrkjer Øya Møkster har hatt kyrkje sidan mellomalderen. Det fanst ei mellomalderkyrkje her, truleg ei stavkyrkje, i Heimigarden ved nordenden av øya. Denne vart riven i 1686, og det vart bygt ei ny kyrkje på Møkster som så vart riven i 1892. Den gamle kyrkjegarden vart lagd ned i 1909, og samstundes vart ein ny kyrkjegard teken i bruk lenger sør på øya. Der står Møkster kapell.
I 1892 vart det bygd ei ny kyrkje for området på Kvalvåg på ei anna øy, Stolmen.
Kjelder
Anne Marta Hoff og Ola Storsletten: Møkster kyrkje (i «Norges kirker»)
Denne artikkelen bygger på «Møkster kyrkje» frå , den 11. september 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Fana prosti Kategori:Kyrkjer i Austevoll Kategori:Norske kyrkjer frå 1892 Kategori:Kulturminne i Austevoll