mini|Gjerstad kyrkje og den tidlegare prestegardsbygningen der Niels Henrik Abel voks opp, like før han vart riven. Gjerstad prestegard ligg søraust for Gjerstad kyrkje, på den andre sida av eit jorde i sørkant av kyrkjegarden.

Både kyrkjestaden og prestegarden har røter attende åt mellomalderen. Hovudbygningen ved prestegarden er eit sveitserhus i halvannan etasje med ståande utvendig panel. Bygningen vart restaurert i 1994 og er freda saman med forpaktarbustaden frå 1850 og eit stabbur frå 1700-talet (seinare ombygd til garasje). Søraust for hovudbygningen er eit hageanlegg. Prestegarden er rekna for å ha høg verdi som kyrkjeleg kulturminne.Høringssvar frå Agder og Telemark bispedømeråd

Då dagens hovudbygning vart oppført i 1895, vart den tidlegare hovudbygningen frå rundt 1700 riven. Der voks Niels Henrik Abel opp, idet far hans var prest i Gjerstad. Ved kyrkja er ei minnebyste av Abel utført av Brynjulf Bergslien. Det lokale historielaget har laga ein kultursti i området til minne om Abel.Gjerstad historielag

Kjelder

Gjerstad prestebolig hos Opplysningsvesenets fond

Bakgrunnsstoff

Dronefilm av Gjerstad kyrkje og prestegard

Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Gjerstad Kategori:Gardar i Gjerstad Kategori:Freda bygg i Agder