Idrettsklubben Våg er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Vågsbygd i Kristiansand, stifta 12. januar 1938. Laget er aktivt med i fotball, friidrett og handball, tidlegare hadde laget også ei badmintongruppe.

IK Våg er i dag mest kjend for sitt topplag i kvinnehandball, til dagleg kjend som Vipers Kristiansand. Laget har også hatt fleire medlemer som har hevda seg i toppen av norsk friidrett, mellom dei tresteghoppparen Birger Søyland, mellomdistanseløparen Kirsti Voldnes og mangekjemparen Ida Marcussen.

Den 20. september 2024 blei Vipers Kristiansand slått konkurs.

Kjelder

Bakgrunnsstoff IK Våg heimeside Våg FK heimeside vipers.no

Kategori:Idrettslag i Kristiansand