Rolf Schjerven () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lardal i Vestfold. Nils Schjerven var far hans.

Schjerven tok examen artium i 1941 og utdanna seg til sivilagronom ved Noregs landbrukshøgskule 1941-45. Han var sidan gardbrukar på farsgarden Øvre Schjerven i Lardal frå 1946 til 1978.

Schjerven var medlem i Lardal kommunestyre 1945–55, 1960–63 og 1972–76. Frå 1961 til -69 representerte han Vestfold og Høgre på Stortinget, alle sesjonane var han medlem i Landbrukskomitéen.

Frå 1951 til -62 var Schjerven styreformann ved Vestfold landbruksskole og i tida 1968-78 nestformann i Statens Kornforretning.

Schjerven deltok i andre verdskrigen og vart tildelt Deltakarmedaljen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Lokalpolitikarar i Lardal Kategori:Høgrepolitikarar i Vestfold Kategori:Folk frå Larvik