Tromsø Museum - Universitetsmuseet 260px|Tromsø Museum Fakta Koordinater: Etablert: 16. oktober 1872 Direktør Marit Anne Hauan Vitjande: 91 004 (2010) Addresse: Tromsø Museum - UniversitetsmuseetLars Thøringsvei 109037 Tromsø Webside: Tromsø Museum - Universitetsmuseet Kart 260px|

Tromsø Museum (etablert i Tromsø 16. oktober 1872) er eit norsk museum. Dei tidlegaste tankane om eit museum for Nord-Noreg frå 1840 resulterte i den første utstillinga for Tromsø amt i 1870, og fast etablering for Tromsø stift to år seinare i leigde lokale og seinare i nybygg i Muségata (1894). Museet gjev ut Tidsskriftet Ottar (1954–), og det flytta til Folkeparken (1961).

Museet vart 1. januar 1976 ein del av UiT Noregs arktiske universitet og fekk tilnamnet Universitetsmuseet. Sidan 1998 er museet med i «Museumsprosjektet» for utvikling av online-museum.

I 2005 har museet avdelingar for geologi, botanikk, zoologi, arkeologi, nyare kulturhistorie og samisk etnografi. Museet forvaltar i dag nordnorsk folkemusikksamling (leia av Ola Graff), Verdas nordlegaste arktisk-alpin botanisk hage (18 dekar), ei fotoutstilling på 50 000 objekt på internett, faste utstillingar som viser ein jordskjelvstasjon, arkeologi i Nord-Noreg, objekt frå nordnorske kyrkjer og to ulike samiske utstillingar, ei etnografisk og ei som skildrar dem moderne samiske (kultur)politiske rørsla. Museet har åtte tilsette og eigen butikk.

Bakgrunnsstoff Internettsidene til Tromsø Museum. Beinveges internettsider for Tromsø Museum

Kjelde Bokmålswikipediaen

Kategori:UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Kulturliv i Tromsø Kategori:Museum i Troms Kategori:Skipingar i 1872