thumb|Interiør Kirkelandet kyrkje er hovudkyrkja i Kristiansund, reist i 1964. Ho ligg ved Langveien på øya Kirkelandet.
Den tidlegare kyrkja brann etter tysk bombing i 1940.
Bygning Kyrkja har ei form som bryt totalt med tradisjonell kyrkjearkitektur. Den arkitektoniske ideen bak Kirkelandet kyrkje er «Bergkrystall i roser», dvs. at kyrkja skal skine som ein lysande krystall mellom rosene i vestskråninga.
Interiør Kunstnaren Gunnar S. Gundersen står bak den innvendige utsmykkinga, mellom anna glasmåleriet som gjev det spesielle lyset bak altartavla.
Kyrkja vart nominert som Møre og Romsdal sitt bidrag til Århundrets byggverk 1905–2005, ei kåring i regi av bladet Byggeindustrien.
Kjelder
Kirklandet kirke (Kristiansund kommune) Denne artikkelen bygger på «Kirkelandet kyrkje» frå , den 22. september 2017.
Bakgrunnsstoff
Kristiansund kyrkjelyd Hildegaard Meese: Alterutsmykkingene i Kirkelandet kirke og Kvernes sine to kirker (Nordmøre museum)
Kategori:Kyrkjer i Kristiansund Kategori:Kyrkjer i Ytre Nordmøre prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1964 Kategori:Kulturminne i Kristiansund Kategori:Odd Østbye