Jørgen Grave () var ein norsk lekpreikar og stortingsrepresentant frå Drangedal. Han møtte på Stortinget for Kristeleg Folkeparti i to periodar på 1950- og 1960-talet.

Grave var son til ein småbrukar. Etter å ha gått Vestmar folkehøgskole skuleåret 1926/27 arbeidde han i ymse tenester. Frå 1933 til -35 gjekk han predikantkurs på Indremisjonsselskapets bibelskule. Sidan var han reisesekretær i Det norske lutherske Indremisjonsselskap. I tida 1958 til 1961 var han redaksjonssekretær i «For Fattig og Rik». Han var elles i mange år medarbeidar i avisa Vårt Land.

I åra frå 1947 til 1957 var Grave medlem i Drangedal heradsstyre. Perioden 1954-57 møtte han på Stortinget, vald inn frå Telemark fylke og for Kristeleg Folkeparti. Han lukkast ikkje å verte attvald i 1957, derimot vart han vald inn på Stortinget att i 1961. Begge bolkane var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:KrF-politikarar i Telemark Kategori:Norske kristne predikantar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Drangedal