Averøykameratene er eit idrettslag heimehøyrande på Averøya i Averøy kommune, skipa i 1951. AK, som laget ofte vert kalla, er ein rein fotballklubb. Laget spelar heimekampane på Bruhagen stadion. AK spelar i raud- og kvitstripete trøyer og kvite bukser.

A-laget til Averøykameratene har jamnast delteke pånivå fire og fem i seriesystemet. I 1990-åra spelte laget fleire sesongar på nivå tre. Magne Hoseth var AK-spelar 1997 og -98, før han melde overgang til Molde FK.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Averøykameratene» frå , den 23. september 2017.

Kategori:Idrettslag i Møre og Romsdal Kategori:Averøy kommune Kategori:Skipingar i 1951