mini|Noreg sine riksgrenser
Den norsk-russiske grensa er riksgrensa mellom Noreg og Russland. Ho strekkjer seg 196 kilometer frå Treriksrøysa i Pasvikdalen, der Finland, Noreg og Russland møtest, til Grense Jakobselv. To tredelar av grensa går langs elvar og vassdrag, i hovudsak Pasvikelva og Jakobselva. Grenselanda Noreg og Russland har om lag 230 operative soldatar kvar langs grensa. 396 grensemerke merkjer grensa. Av desse er det tre som markerer grensa utover i Barentshavet.
På norsk side blir grenseavtalen følgd opp med grenseovervaking (Garnisonen i Sør-Varanger), grensekontroll (Østfinnmark politidistrikt) og Grensekommissariatet for den norsk-russiske grense. Dei held tilsyn med avtaleverket og har jamleg kontakt med russarane. Det er berre ein grensekontroll, og den er i Storskog.
Russland hadde 14 grensestasjoner langs grensa fram til 2006. I 2007 vart 7 av desse lagt ned. Myndigheitene i Noreg og Russland held seg til grensekonvensjonen av 1826. Denne skal mellom anna sikre at begge har tilgang til grensevassdraga heile vegen.
I 2016 sette norske myndigheiter opp eit 200 meter langt ståltrådgjerde langs grensa ved Storskog.
I 2016 vart det gjort ein avtale om at den russiske grensekontrollen ikkje tillét folk å krysse grensa om dei ikkje har rett visum til Noreg. Dette tyder at dei ikkje kan søke om asyl fordi dei aldri når Noreg. I tvilstilfelle har det norske grensepolitiet lov til å sjå pass medan eigaren må vente ved den russiske stasjonen.
mini|venstre|Kartet i 1826 Grenseoppgangar mini|Den rosa fargen viser landområde som Noreg vart tildelt i 1826. mini|Storskog mini|venstre|Grensestolpe ved Grense Jakobselv Grensa mellom Noreg og Russland vart gått opp og justert i 1826 og 1846. I 1847 vart det inngått avtale om grenseoppgangar kvart 25. år, og det vart gjennomført slike i 1871 og 1896. Etter fyrste verdskrigen var det Finland og ikkje Russland som grensa til Noreg, og det vart gjennomført ein grenseoppgang mellom Noreg og Finland i 1925. Etter at Sovjetunionen vart norsk granne, vart det gjennomført ein grenseoppgang i 1947. I 1949 blei det underteikna ein overeinskomst om forskjellige forhold ved grensa, inkludert byggjing av vasskraftverk i Pasvikelva. I 2009 blei det avtalt mellom Noreg og Russland å føreta ein ny grenseoppgang. Òg den delen av grensa som går over land vart gått over og mælt på ny. Grenseoppgangen vart avslutta med ei markering i 2013.Fyrste grenseoppgang mellom Noreg og Russland siden 1947. Nationen (22. oktober 2012)
Den nye grensa trong ikkje å få anerkjenning av andre land enn Noreg og Russland. Utanriksdepartementet kom likevel med presiseringa at oppdraget er å «kontrollere at grensen går der vi har avtalt at den skal gå».
Sjå òg Svenskegrensa Finskegrensa Novgorod-traktaten (1326)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Den norsk-russiske grense» frå , den 25. september 2017.
Russland Noreg Kategori:Norsk utanrikspolitikk