Malin Aune () er ein norsk handballspelar frå Trondheim som vart europameister med Noreg i 2016. Frå landslagsdebuten i mars 2015 til utgangane av 2018 deltok ho i 40 landskampar og skåra 58 mål.

Karriere Aune spelte på heimlege Ranheim IL før ho signerte for Selbu IL på nivå to i seriesystemet. Ho deltok i Ungdoms-VM 2012, der Noreg tok bronse etter siger 36–30 over Romania i bronsefinalen. Etter å ha avslutta vidaregåande skule i 2014 melde ho overgang til oslolaget Oppsal IF. Sommaren 2017 fekk ho kontrakt med Vipers frå Kristiansand.

Aune var med på det norske landslaget som vann Handball-EM 2016 i Sverige.

Merittar landslag EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Folk frå Trondheim